Dato: 20 – 22 november 2023
Stad: Runde
Tema: Mat frå havet
I år vil Havforskarmøtet gå føre seg måndag 20. – onsdag 22. november på Runde. Hovudtema er Mat frå havet.
Ytst ute i havgapet på Søre Sunnmøre ligg øya Runde, med det sørlegaste fuglefjellet i Noreg. Runde er litt utanfor allfarveg. Der kan vi kople ut omverda og berre vere til stades, saman.
Møtet vert halde på besøkssenteret Opplev Runde. Her finst overnatting i flotte leilegheiter ved senteret, og hjå naboen Christineborg Gjestehus. Vi har også ein avtale med Thon Hotel i Fosnavåg for å sikre overnattingsplass til alle deltakarar.
Runde ligg to timar frå Ålesund. Det er mogleg å reise via Ålesund lufthamn (med god korrespondanse buss/hurtigbåt), eller fly til Ørsta/Hovden og vidare med bil/minibuss (50 minutt).
Måndag kveld startar vi med årsmøte og populærvitskapleg underhalding før middag. Tysdag og onsdag held vi fram med fagleg program. Programmet finn du her.