Havforskarmøtet 2024

      Ingen kommentarer til Havforskarmøtet 2024

Havforskarmøtet 2024 vil gå føre seg i Tromsø 25-27 november 2024 på Clarion Hotel The Edge. Årets tema er Effektar av klimaendringar og klimatiltak på marin natur.

Møtet vil ha fokus på klimaendringar i havet, og på konsekvensar av klimatiltak som havvind og gruvedrift på liv i havet.  Årets tema er høgst tidsaktuelt og relevant for forskarar og studentar som arbeider med ulike aspektar av klimaendringar og klimatiltak på marin natur. Vi vil invitere aktuelle innleiarar frå ulike disiplinar og institusjonar for å skape ein brei samtale om avvegingar mellom teknologiske løysingar på klimakrisa og kva det fører med seg av arealbruk og andre miljøkostnader i havet.

Påmeldingsfristen til møtet var 31.10.2024. Ta kontakt med havforsk@havforsk.no om du har spørsmål.

Program:

Mandag 25.11.2024

  • 17:00: Årsmøte Norsk Havforskerforening
  • 18:00: Fingermat
  • 19:00: Åpent møte: Klima, hav og klimaomstilling med et populært, men vitenskapelig perspektiv fra ulike disipliner om dilemmaene vi står ovenfor.


Tirsdag 26.11.2024 Det grønne skiftet og livet i havet? Hvordan klimadempende tiltak påvirker marine økosystemer

  • 09:00: Inviterte presentasjoner og paneldebatt
  • 10:45-15:30: Vitenskapelege presentasjoner frå deltakarar, lunsj kl. 13:00
  • 15:30: Poster session
  • 18:30: NHF feirer 75 år – jubileumsforedrag
  • 19:30: Konferansemiddag

Onsdag 27.11.2024 Havoppvarming og marint liv – hvordan tilpasser organismer seg til klimaendringer?

  • 09:00: Inviterte presentasjoner og paneldebatt
  • 11:00-15:00: Vitenskapelege presentasjoner frå deltakarar, lunsj kl. 13:00

Bidrag til det vitskapelege programmet bør vere på engelsk, men kan og vere på norsk.

Vi gler oss til eit nytt lærerikt og sosialt Havforskarmøte, og håpar vi får sjå deg der!

Tromsø sett frå Fjellstua. Foto: Svein-Magne Tunli – tunliweb.no (Wikimedia Commons)

Vi takkar Forskningsrådet og bedriftsmedlemmane våre for støtte til årets Havforskarmøte. Du kan lese meir om Norsk Havforskerforening (NHF) og sjå våre bedriftsmedlemmar her.