Det er no stengt for påmelding.
I år vil Havforskarmøtet gå føre seg måndag 20. – onsdag 22. november på øya Runde på Sunnmøre. Hovudtema er Mat frå havet.
Måndag kveld startar vi med årsmøte og populærvitskapleg underhalding før middag. Tysdag og onsdag held vi fram med fagleg program. Meir detaljar om programmet kjem etter kvart.
Vi planlegg transport med buss frå Ålesund til Runde på måndag og tilbake onsdag, avgang frå Ålesund ca 15:30 på måndag og tilbake i Ålesund kl. 17:00 onsdag. Ved behov vil vi også prøve å ordne henting ved Ørsta-Volda flyplass, Hovden.